{
    "translation": "Studentm\u00e5llagsbibelen fr\u00e5 1921",
    "abbreviation": "norsmb",
    "lang": "nn",
    "language": "Norwegian nynorsk",
    "direction": "LTR",
    "encoding": "UTF-8",
    "book_nr": 7,
    "book_name": "Judges",
    "chapter": 1,
    "name": "Judges 1",
    "verses": [
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 1,
            "name": "Judges 1:1",
            "text": "D\u00e5 Josva var avliden, spurde Israels-s\u00f8nerne Herren: \u00abKven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 2,
            "name": "Judges 1:2",
            "text": "Og Herren svara: \u00abJuda skal taka ut. No gjev eg landet i hans hender!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 3,
            "name": "Judges 1:3",
            "text": "D\u00e5 sagde Juda med Simeon, bror sin: \u00abVer med meg til min lut, og lat oss b\u00e5e strida mot kananitarne, so skal eg vera med deg til din lut.\u00bb Og Simeon vart med honom."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 4,
            "name": "Judges 1:4",
            "text": "So tok Juda-s\u00f8nerne ut, og Herren gav kananitarne og perizitarne i henderne deira; dei slo deim i Bezek og felte ti tusund mann."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 5,
            "name": "Judges 1:5",
            "text": "I Bezek m\u00f8tte dei Adoni-Bezek, og dei stridde mot honom og slo kananitarne og perizitarne."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 6,
            "name": "Judges 1:6",
            "text": "Adoni-Bezek r\u00f8mde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stort\u00e6rne."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 7,
            "name": "Judges 1:7",
            "text": "D\u00e5 sagde han: \u00abSytti kongar med avhogne tumarsfingrar og stort\u00e6r sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg like for det eg gjorde!\u00bb So f\u00f8rde dei honom til Jerusalem, og der d\u00f8ydde han."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 8,
            "name": "Judges 1:8",
            "text": "Juda-s\u00f8nerne kringsette Jerusalem, og tok byen, og \u00f8ydde honom med odd og egg, og sette eld i husi."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 9,
            "name": "Judges 1:9",
            "text": "Sidan for dei ned og stridde mot dei kananitarne som budde i fjell-landet og i Sudlandet og i l\u00e5glandet."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 10,
            "name": "Judges 1:10",
            "text": "Fyrst gjekk dei mot kananitarne som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - og dei slo Sesai og Ahiman og Talmai."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 11,
            "name": "Judges 1:11",
            "text": "So gjekk dei mot Debir-buarne. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer -"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 12,
            "name": "Judges 1:12",
            "text": "D\u00e5 sagde Kaleb: \u00abDen som kann taka Kirjat-Sefer, skal f\u00e5 Aksa, dotter mi.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 13,
            "name": "Judges 1:13",
            "text": "Otniel, son \u00e5t Kenaz, Kalebs yngre bror, tok byen, og fekk Aksa, dotter hans Kaleb."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 14,
            "name": "Judges 1:14",
            "text": "D\u00e5 so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til \u00e5 beda far hennar um ein jordveg, og sj\u00f8lv hoppa ho ned av asnet. \u00abKva er det du vil?\u00bb spurde Kaleb."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 15,
            "name": "Judges 1:15",
            "text": "\u00abLat meg f\u00e5 ei velfarg\u00e5va!\u00bb svara ho. \u00abDu hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!\u00bb So gav han henne \u00d8vregullot og Nedregullot."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 16,
            "name": "Judges 1:16",
            "text": "Etterkomarane etter keniten, verbror \u00e5t Moses, for med Juda-s\u00f8nerne fr\u00e5 Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 17,
            "name": "Judges 1:17",
            "text": "Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kananitarne som budde i Sefat. Dei bannst\u00f8ytte byen; difor heitar han no Horma."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 18,
            "name": "Judges 1:18",
            "text": "Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som l\u00e5g til dei byarne."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 19,
            "name": "Judges 1:19",
            "text": "Herren var med Juda-s\u00f8nerne, og dei lagde under seg fjellbygderne; men dei var ikkje god til \u00e5 driva ut slettebuararne; for dei hadde jarnvogner."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 20,
            "name": "Judges 1:20",
            "text": "Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tri Anaks-s\u00f8nerne ut or bygdi."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 21,
            "name": "Judges 1:21",
            "text": "Benjamins-s\u00f8nerne dreiv ikkje ut jebusitarne som budde i Jerusalem; jebusitarne vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-s\u00f8nerne og hev butt der til denne dag."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 22,
            "name": "Judges 1:22",
            "text": "Josefs-\u00e6tti tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med deim."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 23,
            "name": "Judges 1:23",
            "text": "D\u00e5 dei l\u00e5g p\u00e5 vakt kring Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 24,
            "name": "Judges 1:24",
            "text": "fekk sp\u00e6jarane deira sj\u00e5 ein mann som kom ut or byen. Og dei sagde til honom: \u00abKj\u00e6re, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera vel mot deg!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 25,
            "name": "Judges 1:25",
            "text": "So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei \u00f8ydde byen med odd og egg, men mannen og heile \u00e6tti hans let dei fara sin veg."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 26,
            "name": "Judges 1:26",
            "text": "Han for til Hetitarlandet, og bygde ein by; den kalla han Luz, og det namnet hev byen havt til denne dag."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 27,
            "name": "Judges 1:27",
            "text": "Manasse \u00f8ydde ikkje Bet-Sean og Ta\u2019anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som l\u00e5g under dei byarne, og kananitarne var god til \u00e5 halda seg der i landet."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 28,
            "name": "Judges 1:28",
            "text": "D\u00e5 Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kananitarne til \u00e5 tr\u00e6la for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 29,
            "name": "Judges 1:29",
            "text": "Efraim dreiv ikkje ut kananitarne som budde i Gezer; kananitarne vart buande millom Efraims-s\u00f8nerne i Gezer."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 30,
            "name": "Judges 1:30",
            "text": "Sebulon dreiv ikkje ut deim som budde i Kitron og i Nahalol; kananitarne vart buande millom Sebulons-s\u00f8nerne, men laut gjera tr\u00e6learbeid."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 31,
            "name": "Judges 1:31",
            "text": "Asser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og \u00f8ydde ikkje Ahlab og Akzib og Helba og Afik og Rehob;"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 32,
            "name": "Judges 1:32",
            "text": "asseritarne busette seg millom kananitarne som \u00e5tte heime i landet, og dreiv deim ikkje ut."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 33,
            "name": "Judges 1:33",
            "text": "Naftali-s\u00f8nerne dreiv ikkje ut deim som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kananitarne som \u00e5tte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut tr\u00e6la for deim."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 34,
            "name": "Judges 1:34",
            "text": "Amoritarne trengde Dans-s\u00f8nerne upp i fjelli, og let deim ikkje f\u00e5 koma ned p\u00e5 sletta."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 35,
            "name": "Judges 1:35",
            "text": "Sj\u00f8lve var dei god til \u00e5 halda seg i Har-Heres og i Ajjalon og Sa\u2019albim, men sidan fekk Josefs-\u00e6tti yvertaket, og n\u00f8ydde deim til \u00e5 tr\u00e6la for seg."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 36,
            "name": "Judges 1:36",
            "text": "Landskilet \u00e5t amoritarne gjekk fr\u00e5 Skorpionskardet um Knausen og uppetter. "
        }
    ]
}