{
    "translation": "Studentm\u00e5llagsbibelen fr\u00e5 1921",
    "abbreviation": "norsmb",
    "lang": "nn",
    "language": "Norwegian nynorsk",
    "direction": "LTR",
    "encoding": "UTF-8",
    "book_nr": 42,
    "book_name": "Luke",
    "chapter": 9,
    "name": "Luke 9",
    "verses": [
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 1,
            "name": "Luke 9:1",
            "text": "Jesus kalla i hop dei tolv, og gav deim magt og velde yver alle vonde \u00e5nder, og til \u00e5 l\u00e6kja sjukdomar."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 2,
            "name": "Luke 9:2",
            "text": "So sende han deim ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 3,
            "name": "Luke 9:3",
            "text": "og han sagde til deim: \u00abTak ingen ting med dykk p\u00e5 vegen, ikkje stav, ikkje skreppa, ikkje br\u00f8d, ikkje pengar! Ikkje heller skal de hava tvo tr\u00f8yor!"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 4,
            "name": "Luke 9:4",
            "text": "N\u00e5r de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifr\u00e5 att, fyrr de fer lenger!"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 5,
            "name": "Luke 9:5",
            "text": "Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt fr\u00e5 den bygdi, og rist dusti av f\u00f8terne dykkar! Det skal vera eit vitnem\u00e5l mot deim.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 6,
            "name": "Luke 9:6",
            "text": "So tok dei ut og for ikring fr\u00e5 grend til grend og forkynte evangeliet, og l\u00e6kte folk kvar dei kom."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 7,
            "name": "Luke 9:7",
            "text": "Herodes, fylkeskongen, fekk h\u00f8yra um alt det som hende; d\u00e5 visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sagde: \u00abJohannes er vekt upp fr\u00e5 dei daude!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 8,
            "name": "Luke 9:8",
            "text": "sume: \u00abElia hev synt seg!\u00bb andre: \u00abEin av dei gamle profetarne hev stade upp att!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 9,
            "name": "Luke 9:9",
            "text": "\u00abJohannes hev eg hogge hovudet av,\u00bb sagde Herodes; \u00abkva er so dette for ein, som eg h\u00f8yrer sovore um?\u00bb Og han freista \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 honom."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 10,
            "name": "Luke 9:10",
            "text": "D\u00e5 apostlarne kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. D\u00e5 tok han deim med seg burt til ein by som heiter Betsaida, og vilde vera \u00e5leine med deim."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 11,
            "name": "Luke 9:11",
            "text": "Men folket fekk vita det og fylgde etter honom; og han tok vel imot deim og tala til deim um Guds rike, og l\u00e6kte deim som l\u00e6kjedom trong."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 12,
            "name": "Luke 9:12",
            "text": "D\u00e5 dagen tok til \u00e5 halla, gjekk dei tolv fram til honom og sagde: \u00abSend folket fr\u00e5 deg, so dei kann ganga til grenderne og gardarne her ikring og koma i hus og f\u00e5 seg noko til \u00e5 liva av! For her er me p\u00e5 ein \u00f8ydestad.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 13,
            "name": "Luke 9:13",
            "text": "\u00abGjev de deim mat!\u00bb svara han. \u00abMe hev \u2019kje meir enn fem br\u00f8dleivar og tvo fiskar,\u00bb sagde dei; \u00abeller skal me ganga \u2019stad og kj\u00f8pa mat \u00e5t alt dette folket?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 14,
            "name": "Luke 9:14",
            "text": "- det var um lag fem tusund mann. D\u00e5 sagde han til l\u00e6resveinarne: \u00abLat deim setja seg ned i bordlag p\u00e5 ikring femti mann!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 15,
            "name": "Luke 9:15",
            "text": "Dei so gjorde, og let alle setja seg."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 16,
            "name": "Luke 9:16",
            "text": "So tok han dei fem br\u00f8dleivarne og dei tvo fiskarne, og s\u00e5g upp imot himmelen og velsigna deim, og han braut deim i molar og gav det til l\u00e6resveinarne, so dei skulde setja det fram for folket."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 17,
            "name": "Luke 9:17",
            "text": "So \u00e5t dei; og alle vart mette; og d\u00e5 det vart samla upp det som vart att etter deim, var det tolv korger fulle med molar."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 18,
            "name": "Luke 9:18",
            "text": "Ein gong som han var \u00e5leine og bad, og l\u00e6resveinarne var med honom, spurde han deim: \u00abKven segjer folk at eg er?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 19,
            "name": "Luke 9:19",
            "text": "\u00abJohannes d\u00f8yparen,\u00bb svara dei; \u00abmen sume segjer: \u00abElia,\u00bb og sume at ein av dei gamle profetarne hev stade upp att.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 20,
            "name": "Luke 9:20",
            "text": "\u00abKven segjer d\u00e5 de at eg er?\u00bb spurde han. D\u00e5 tok Peter til ords og sagde: \u00abGuds Messias!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 21,
            "name": "Luke 9:21",
            "text": "Men det forbaud han deim strengt \u00e5 tala til nokon um."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 22,
            "name": "Luke 9:22",
            "text": "Og han sagde: \u00abMenneskjesonen lyt lida mykje; styresmennerne og \u00f8vsteprestarne og dei skriftl\u00e6rde kjem til \u00e5 vanda honom, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han vekkjast upp att.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 23,
            "name": "Luke 9:23",
            "text": "So sagde han til alle: \u00abVil nokon vera i lag med meg, so lyt han gl\u00f8yma seg sj\u00f8lv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 24,
            "name": "Luke 9:24",
            "text": "For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 25,
            "name": "Luke 9:25",
            "text": "Kva gagnar det ein mann, um han vinn heile verdi, men \u00f8yder eller taper seg sj\u00f8lv?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 26,
            "name": "Luke 9:26",
            "text": "\u00abFor den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskjesonen skjemmast ved n\u00e5r han kjem i herlegdomen som skin kring honom og Faderen og dei heilage englarne."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 27,
            "name": "Luke 9:27",
            "text": "Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av deim som her stend som ikkje skal smaka dauden fyrr dei f\u00e6r sj\u00e5 Guds rike."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 28,
            "name": "Luke 9:28",
            "text": "Um lag \u00e5tte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 29,
            "name": "Luke 9:29",
            "text": "Og medan han bad, fekk andlitet hans ein annan d\u00e5m, og kl\u00e6dnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 30,
            "name": "Luke 9:30",
            "text": "Og best det var, stod det tvo menner og tala med honom; det var Moses og Elia;"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 31,
            "name": "Luke 9:31",
            "text": "dei synte seg i herlegdom, og tala um hans burtgang, som han skulde fullf\u00f8ra i Jerusalem."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 32,
            "name": "Luke 9:32",
            "text": "Peter og felagarne hans var tunge av svevn; men d\u00e5 dei vakna, s\u00e5g dei herlegdomen som lyste fr\u00e5 Jesus, og s\u00e5g dei tvo mennerne som stod innmed honom."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 33,
            "name": "Luke 9:33",
            "text": "D\u00e5 so dei skulde skiljast med honom, sagde Peter til Jesus: \u00abMeister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei \u00e5t deg, og ei \u00e5t Moses, og ei \u00e5t Elia!\u00bb - han visste ikkje kva han sagde."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 34,
            "name": "Luke 9:34",
            "text": "Med han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver deim, og dei vart r\u00e6dde d\u00e5 dei kom inn i skyi."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 35,
            "name": "Luke 9:35",
            "text": "D\u00e5 kom det ei r\u00f8yst utor skyi: \u00abDette er son min, han som eg hev k\u00e5ra meg ut! Honom skal de h\u00f8yra p\u00e5!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 36,
            "name": "Luke 9:36",
            "text": "Men d\u00e5 r\u00f8ysti kom, var det ingen \u00e5 sj\u00e5 utan Jesus. Dei tagde med dette og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 37,
            "name": "Luke 9:37",
            "text": "Dagen etter, d\u00e5 dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot honom."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 38,
            "name": "Luke 9:38",
            "text": "Best det var, ropa ein mann utor hopen: \u00abMeister, eg bed deg: Sj\u00e5 til son min; han er einaste barnet mitt!"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 39,
            "name": "Luke 9:39",
            "text": "Rett som det er, grip ei \u00e5nd honom, og br\u00e5tt set han i og huar; og \u00e5ndi slit honom til fraudi stend kring munnen p\u00e5 honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og d\u00e5 gjer ho mest ende p\u00e5 honom;"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 40,
            "name": "Luke 9:40",
            "text": "eg bad l\u00e6resveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 41,
            "name": "Luke 9:41",
            "text": "D\u00e5 tok Jesus til ords og sagde: \u00ab\u00c5, du vantrune og vrange \u00e6tt! Kor lenge skal eg vera hj\u00e5 dykk og tola dykk? Kom hit med son din!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 42,
            "name": "Luke 9:42",
            "text": "Fyrr guten kunde n\u00e5 fram til Jesus, reiv \u00e5ndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine \u00e5ndi og gjorde guten god att, og gav honom att \u00e5t faren."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 43,
            "name": "Luke 9:43",
            "text": "Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 44,
            "name": "Luke 9:44",
            "text": "Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til l\u00e6resveinarne sine: \u00abH\u00f8yr vel etter desse ordi, og legg deim p\u00e5 minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 45,
            "name": "Luke 9:45",
            "text": "Men dei skyna ikkje det ordet; det var dult for deim, so dei ikkje fekk tak p\u00e5 det, og dei torde ikkje spyrja honom um det."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 46,
            "name": "Luke 9:46",
            "text": "Det kom ein tanke upp i deim um kven av deim som var st\u00f8rst."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 47,
            "name": "Luke 9:47",
            "text": "Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette innmed seg"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 48,
            "name": "Luke 9:48",
            "text": "og sagde til deim: \u00abDen som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 49,
            "name": "Luke 9:49",
            "text": "D\u00e5 tok Johannes til ords og sagde: \u00abMeister, me s\u00e5g ein som dreiv ut vonde \u00e5nder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje er i fylgje med oss.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 50,
            "name": "Luke 9:50",
            "text": "\u00abDe skal ikkje forbjoda det,\u00bb svara Jesus; \u00abfor den som ikkje er imot dykk, er med dykk.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 51,
            "name": "Luke 9:51",
            "text": "D\u00e5 det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine st\u00f8dt mot Jerusalem; for dit etla han seg."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 52,
            "name": "Luke 9:52",
            "text": "Han sende bod fyre seg; men d\u00e5 \u00e6rendsveinarne hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus \u00e5t honom,"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 53,
            "name": "Luke 9:53",
            "text": "vilde folket ikkje taka imot honom, for di han var p\u00e5 veg til Jerusalem."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 54,
            "name": "Luke 9:54",
            "text": "D\u00e5 Jakob og Johannes, l\u00e6resveinarne hans, s\u00e5g det, sagde dei: \u00abHerre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned fr\u00e5 himmelen og \u00f8yda deim, soleis som Elia gjorde?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 55,
            "name": "Luke 9:55",
            "text": "D\u00e5 snudde han seg og tala strengt til deim og sagde: \u00abVeit det \u2019kje kva \u00e5nd de er av?"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 56,
            "name": "Luke 9:56",
            "text": "Menneskjesonen er ikkje komen for \u00e5 \u00f8yda menneskjeliv, men for \u00e5 frelsa.\u00bb So gjekk dei til ei onnor grend."
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 57,
            "name": "Luke 9:57",
            "text": "Med dei for etter vegen, var det ein som sagde til honom: \u00abEg vil fylgja deg, kvar du so fer!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 58,
            "name": "Luke 9:58",
            "text": "Jesus svara: Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedp\u00e5.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 59,
            "name": "Luke 9:59",
            "text": "Til ein annan sagde han: \u00abFylg meg!\u00bb \u00abHerre,\u00bb svara han, \u00ablat meg fyrst f\u00e5 ganga heim og jorda far min.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 60,
            "name": "Luke 9:60",
            "text": "\u00abLat dei daude jorda sine daude,\u00bb sagde Jesus, \u00abmen gakk du i veg og forkynn Guds rike!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 61,
            "name": "Luke 9:61",
            "text": "Det var ein annan og som sagde: \u00abEg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst f\u00e5 beda farvel med deim som heime er!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 9,
            "verse": 62,
            "name": "Luke 9:62",
            "text": "Jesus svara: \u00abIngen som hev lagt handi p\u00e5 plogen, og so ser attum seg, h\u00f8ver for Guds rike.\u00bb "
        }
    ]
}