{
    "translation": "Studentm\u00e5llagsbibelen fr\u00e5 1921",
    "abbreviation": "norsmb",
    "lang": "nn",
    "language": "Norwegian nynorsk",
    "direction": "LTR",
    "encoding": "UTF-8",
    "book_nr": 42,
    "book_name": "Luke",
    "chapter": 5,
    "name": "Luke 5",
    "verses": [
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 1,
            "name": "Luke 5:1",
            "text": "Ein gong stod han nedmed Gennesaretsj\u00f8en, og folket trengde seg um honom og lydde p\u00e5 Guds ord;"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 2,
            "name": "Luke 5:2",
            "text": "d\u00e5 vart han var tvo b\u00e5tar som l\u00e5g ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 3,
            "name": "Luke 5:3",
            "text": "Han steig ut i ein av b\u00e5tarne, som h\u00f8yrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke fr\u00e5 land; so sette han seg og l\u00e6rde folket fr\u00e5 b\u00e5ten."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 4,
            "name": "Luke 5:4",
            "text": "D\u00e5 han hadde halde upp \u00e5 tala, sagde han til Simon: \u00abLegg ut p\u00e5 djupet og set ut garni dykkar, so de kann f\u00e5 fisk!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 5,
            "name": "Luke 5:5",
            "text": "\u00abMeister, me hev str\u00e6va i heile natt og ingen ting fenge,\u00bb svara Simon; \u00abmen p\u00e5 ditt ord vil eg setja ut garni.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 6,
            "name": "Luke 5:6",
            "text": "So gjorde dei det, og d\u00e5 stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt p\u00e5 og skulde rivna."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 7,
            "name": "Luke 5:7",
            "text": "D\u00e5 vitta dei til lagsmennerne sine i hin b\u00e5ten, at dei skulde koma og taka i med deim, og d\u00e5 dei kom, fyllte dei b\u00e5e b\u00e5tarne, so det var n\u00e6re p\u00e5 dei sokk."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 8,
            "name": "Luke 5:8",
            "text": "D\u00e5 Simon Peter s\u00e5g det, kasta han seg ned for Jesu f\u00f8ter og sagde: \u00abGakk burt fr\u00e5 meg, Herre! Eg er ein syndug mann.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 9,
            "name": "Luke 5:9",
            "text": "For det kom ein st\u00f8kk p\u00e5 honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 10,
            "name": "Luke 5:10",
            "text": "og like eins var det med Jakob og Johannes, s\u00f8nerne \u00e5t Sebed\u00e6us, som var lagsbr\u00f8rne \u00e5t Simon. Men Jesus sagde til Simon: \u00abVer ikkje r\u00e6dd! Heretter skal du fanga menneskje.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 11,
            "name": "Luke 5:11",
            "text": "So rodde dei b\u00e5tarne til lands og gjekk ifr\u00e5 alt og fylgde honom."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 12,
            "name": "Luke 5:12",
            "text": "Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han s\u00e5g Jesus, kasta han seg \u00e5 gruve og bad: \u00abHerre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 13,
            "name": "Luke 5:13",
            "text": "Jesus rette ut handi og tok burtp\u00e5 honom og sagde: \u00abEg vil; ver rein!\u00bb Og med ein gong gjekk spillsykja av honom."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 14,
            "name": "Luke 5:14",
            "text": "Jesus sagde til honom at han ikkje m\u00e5tte segja det med nokon: \u00abMen gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 15,
            "name": "Luke 5:15",
            "text": "Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde h\u00f8yra p\u00e5 honom og l\u00e6kjast for sjukdomarne sine."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 16,
            "name": "Luke 5:16",
            "text": "Sj\u00f8lv heldt han seg avsides i \u00f8ydemarkerne og bad."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 17,
            "name": "Luke 5:17",
            "text": "Ein dag heldt han p\u00e5 og l\u00e6rde folket, og der sat det faris\u00e6arar og lovl\u00e6rarar, som var komne fr\u00e5 kvar grend i Galil\u00e6a og Jud\u00e6a og fr\u00e5 Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til \u00e5 l\u00e6kja."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 18,
            "name": "Luke 5:18",
            "text": "D\u00e5 kom nokre menner berande med ein som l\u00e5g i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 19,
            "name": "Luke 5:19",
            "text": "men s\u00e5g seg ingi r\u00e5d til \u00e5 koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp p\u00e5 taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 20,
            "name": "Luke 5:20",
            "text": "D\u00e5 Jesus s\u00e5g trui deira, sagde han: \u00abSynderne dine er tilgjevne, mann!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 21,
            "name": "Luke 5:21",
            "text": "D\u00e5 tok dei skriftl\u00e6rde og faris\u00e6arane til \u00e5 tenkja med seg: \u00abKva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 22,
            "name": "Luke 5:22",
            "text": "Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: \u00abKva er det for tankar de hyser i hjarta?"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 23,
            "name": "Luke 5:23",
            "text": "Kva er lettast: \u00e5 segja: \u00abSynderne dine er tilgjevne!\u00bb eller \u00e5 segja: \u00abStatt upp og gakk!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 24,
            "name": "Luke 5:24",
            "text": "Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til \u00e5 tilgjeva synder p\u00e5 jordi, so segjer eg deg\u00bb - sagde han til den lame -: \u00abStatt upp, tak sengi di og gakk heim!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 25,
            "name": "Luke 5:25",
            "text": "Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 26,
            "name": "Luke 5:26",
            "text": "D\u00e5 vart dei alle so tekne at dei var reint fr\u00e5 seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: \u00abI dag hev me set utrulege ting.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 27,
            "name": "Luke 5:27",
            "text": "So gjekk han ut att. D\u00e5 fekk han sj\u00e5 ein tollmann som heitte Levi; han sat p\u00e5 tollbudi. Jesus sagde til honom: \u00abFylg meg!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 28,
            "name": "Luke 5:28",
            "text": "D\u00e5 let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 29,
            "name": "Luke 5:29",
            "text": "Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 30,
            "name": "Luke 5:30",
            "text": "Og faris\u00e6arane og dei skriftl\u00e6rde som fylgdest med deim, murra og sagde til l\u00e6resveinarne hans: \u00abKvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 31,
            "name": "Luke 5:31",
            "text": "D\u00e5 tok Jesus til ords og sagde til deim: \u00abDei friske treng ikkje l\u00e6kjar, men det gjer dei som sjuke er."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 32,
            "name": "Luke 5:32",
            "text": "Eg er ikkje komen for \u00e5 kalla rettferdige, men syndarar til umvending.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 33,
            "name": "Luke 5:33",
            "text": "So sagde dei til honom: \u00abL\u00e6resveinarne \u00e5t Johannes fastar tidt og ofte og held b\u00f8n, og det same gjer l\u00e6resveinarne \u00e5t faris\u00e6arane, men dine l\u00e6resveinar et og drikk!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 34,
            "name": "Luke 5:34",
            "text": "Jesus svara: \u00abKann de f\u00e5 brudlaupsfolket til \u00e5 fasta med dei hev brudgomen hj\u00e5 seg?"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 35,
            "name": "Luke 5:35",
            "text": "Men det kjem ei tid d\u00e5 brudgomen vert teken ifr\u00e5 deim; n\u00e5r den tidi kjem, d\u00e5 skal dei fasta.\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 36,
            "name": "Luke 5:36",
            "text": "Han sagde deim og ei likning: \u00abIngen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot p\u00e5 ein gamall; for d\u00e5 riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, h\u00f8ver ikkje p\u00e5 den gamle."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 37,
            "name": "Luke 5:37",
            "text": "Og ingen hev ny vin p\u00e5 gamle lerflaskor; for d\u00e5 sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 38,
            "name": "Luke 5:38",
            "text": "Ny vin lyt ein hava p\u00e5 nye lerflaskor."
        },
        {
            "chapter": 5,
            "verse": 39,
            "name": "Luke 5:39",
            "text": "Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug p\u00e5 ny vin. \u00abDen gamle er best!\u00bb segjer han.\u00bb "
        }
    ]
}