{
    "translation": "Studentm\u00e5llagsbibelen fr\u00e5 1921",
    "abbreviation": "norsmb",
    "lang": "nn",
    "language": "Norwegian nynorsk",
    "direction": "LTR",
    "encoding": "UTF-8",
    "book_nr": 14,
    "book_name": "2 Chronicles",
    "chapter": 1,
    "name": "2 Chronicles 1",
    "verses": [
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 1,
            "name": "2 Chronicles 1:1",
            "text": "Salomo, son \u00e5t David, vart grunnfest i konged\u00f8met sitt, og Herren hans Gud, var med honom, og gjorde honom overlag stor."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 2,
            "name": "2 Chronicles 1:2",
            "text": "D\u00e5 let Salomo bod fara yver heile Israel, til hovdingarne yver tusund og yver hundrad, til domarane og til alle hovdingarne i Israel, \u00e6ttarhovdingarne."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 3,
            "name": "2 Chronicles 1:3",
            "text": "Og Salomo og heile lyden drog til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds m\u00f8tetjeld, det som Moses, Herrens tenar, hadde gjort i \u00f8ydemarki."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 4,
            "name": "2 Chronicles 1:4",
            "text": "Men Guds kista hadde David flutt upp ifr\u00e5 Kirjat-Jearim til den staden han hadde laga til \u00e5t henne, for han hadde late reisa eit tjeld \u00e5t henne i Jerusalem."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 5,
            "name": "2 Chronicles 1:5",
            "text": "Og koparaltaret som Besalel hadde gjort, son \u00e5t Uri, son \u00e5t Hur, det stod der framanfor Herrens hus, og der s\u00f8kte Salomo og lyden honom."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 6,
            "name": "2 Chronicles 1:6",
            "text": "Der ofra Salomo for Herrens \u00e5syn p\u00e5 koparaltaret som h\u00f8yrde til m\u00f8tetjeldet, og han ofra tusund brennoffer der."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 7,
            "name": "2 Chronicles 1:7",
            "text": "I den same natti openberra Gud seg for Salomo og sagde til honom: \u00abSeg kva du vil eg skal gjeva deg!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 8,
            "name": "2 Chronicles 1:8",
            "text": "Salomo svara Gud: \u00abDu hev vist stor miskunn imot David, far min, og du hev gjort meg til konge i hans stad."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 9,
            "name": "2 Chronicles 1:9",
            "text": "So lat d\u00e5, Herre Gud, ordet ditt til David, far min sannast! for du hev gjort meg til konge yver eit folk som er mangment som dusti p\u00e5 jordi."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 10,
            "name": "2 Chronicles 1:10",
            "text": "Gjev meg d\u00e5 visdom og kunnskap, so eg kann vera leidar og f\u00f8rar for folket! for kven evlar d\u00f8ma dette store folket ditt?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 11,
            "name": "2 Chronicles 1:11",
            "text": "D\u00e5 sagde Gud til Salomo: \u00abFor di hugen din hev stade til dette, og du ikkje hev bede um rikdom, skattar, \u00e6ra, eller at uvenerne dine skal d\u00f8y, og heller ikkje hev bede um eit langt liv, men um visdom og kunnskap til \u00e5 d\u00f8ma folket mitt, som eg hev gjort deg til konge yver,"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 12,
            "name": "2 Chronicles 1:12",
            "text": "so skal du f\u00e5 den visdom og kunnskap, men eg gjev deg rikdom og skattar og \u00e6ra og, so at ingen konge fyre deg hev \u00e5tt maken, og ingen skal heller eiga maken etter deg!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 13,
            "name": "2 Chronicles 1:13",
            "text": "Sidan for Salomo fr\u00e5 offerhaugen i Gibeon, fr\u00e5 staden framanfor m\u00f8tetjeldet, og til Jerusalem, og han var konge yver Israel."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 14,
            "name": "2 Chronicles 1:14",
            "text": "Salomo samla krigsvogner og folk, so at han hadde fjortan hundrad vogner og tolv tusund hestfolk, og dei lagde han, sume i vognbyarne og sume hj\u00e5 seg sj\u00f8lv i Jerusalem."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 15,
            "name": "2 Chronicles 1:15",
            "text": "Kongen gjorde sylvet og gullet i Jerusalem likso vanlegt som stein, og cedertreet likso vanlegt som morberfiketre i l\u00e5glandet."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 16,
            "name": "2 Chronicles 1:16",
            "text": "Hestarne sine fekk Salomo fr\u00e5 Egyptarland, med di kj\u00f8pmennerne \u00e5t kongen kj\u00f8pte deim der mot betaling."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 17,
            "name": "2 Chronicles 1:17",
            "text": "Dei f\u00f8rde ut ei vogn fr\u00e5 Egyptarland for seks hundrad sylvdalar og ein hest for hundrad og femti. Og ved deira hjelp f\u00f8rde dei ut slike p\u00e5 same m\u00e5ten til alle hetitarkongarne og til syrarkongarne. "
        }
    ]
}