{
    "translation": "Studentm\u00e5llagsbibelen fr\u00e5 1921",
    "abbreviation": "norsmb",
    "lang": "nn",
    "language": "Norwegian nynorsk",
    "direction": "LTR",
    "encoding": "UTF-8",
    "book_nr": 12,
    "book_name": "2 Kings",
    "chapter": 1,
    "name": "2 Kings 1",
    "verses": [
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 1,
            "name": "2 Kings 1:1",
            "text": "Etter Ahab var d\u00e5en, reiv Moab seg laus fr\u00e5 Israel."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 2,
            "name": "2 Kings 1:2",
            "text": "Ahazja l\u00e5g sjuk, av di han hadde dotte ned millom handridet p\u00e5 loftstova si i Samaria. Han gjorde d\u00e5 av stad ei sendeferd og baud deim fara av og spyrja Ekronguden Ba\u2019al-Zebub um han skulde koma seg av denne sjukdomen."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 3,
            "name": "2 Kings 1:3",
            "text": "Herrens engel sagde d\u00e5 til Elia fr\u00e5 Tisbe: \u00abGakk til m\u00f8tes med sendeferdi fr\u00e5 Samaria og seg med deim: \u00abFinst det ingen Gud i Israel, sidan de fer av og fretter Ekronguden Ba\u2019al-Zebub?"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 4,
            "name": "2 Kings 1:4",
            "text": "Difor, so segjer Herren: \u00abOr sengi du er lagt i, skal du ikkje koma upp att; du skal d\u00f8y.\u00bb\u00bb\u00bb Og Elia gjekk."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 5,
            "name": "2 Kings 1:5",
            "text": "Sendeferdi snudde dermed heim att til kongen. Han spurde: \u00abKvifor kjem de att?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 6,
            "name": "2 Kings 1:6",
            "text": "Dei svara: \u00abDet kom ein mann til m\u00f8tes med oss. \u00abSnu heim att til kongen som sende dykk,\u00bb sagde han, \u00abog meld honom at so segjer Herren: \u00abFinst det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og fretter Ekronguden Ba\u2019al-Zebub? Difor, or sengi du er lagd i, skal du ikkje koma upp att; du skal d\u00f8y.\u00bb\u00bb\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 7,
            "name": "2 Kings 1:7",
            "text": "Kongen spurde: \u00abKorleis s\u00e5g han ut, den mannen som m\u00f8tte dykk og tale soleis med dykk?\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 8,
            "name": "2 Kings 1:8",
            "text": "\u00abHan gjekk med h\u00e5rkyrtel,\u00bb svara dei, \u00abog hadde lerbelte kring livet.\u00bb \u00abDet var Elia fr\u00e5 Tisbe,\u00bb sagde han."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 9,
            "name": "2 Kings 1:9",
            "text": "So sende han ein femtimanns-f\u00f8rar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat \u00f8vst p\u00e5 fjellet, og ropa til honom: \u00abDu gudsmann, kongen byd deg koma ned!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 10,
            "name": "2 Kings 1:10",
            "text": "Elia svara femtimanns-f\u00f8raren: \u00abSo sant eg er ein gudsmann, so fare eld ned fr\u00e5 himmelen og \u00f8yde deg og dine femti mann!\u00bb Og det for ned eld fr\u00e5 himmelen og \u00f8ydde b\u00e5de honom og dei femti han f\u00f8rde."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 11,
            "name": "2 Kings 1:11",
            "text": "So sende han til honom ein annan femtimanns-f\u00f8rar med sine femti mann. Han tok til ords og sagde til honom: \u00abDu gudsmann, so segjer kongen: \u00abKom ned sn\u00f8ggast du kann!\u00bb\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 12,
            "name": "2 Kings 1:12",
            "text": "Elia svara: \u00abSo sant som eg er ein gudsmann, so fare eld ned fr\u00e5 himmelen og \u00f8yde deg og dine femti mann!\u00bb Det for d\u00e5 ned eld fr\u00e5 himmelen og \u00f8ydde b\u00e5de honom og dei femti mann han f\u00f8rde."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 13,
            "name": "2 Kings 1:13",
            "text": "D\u00e5 sende han ein tridje femtimanns-f\u00f8rar med femti mann til. Denne tridje femtimanns-f\u00f8raren drog upp og fall p\u00e5 kne for Elia og naudbad honom: \u00abDu gudsmann! lat mitt liv og livet \u00e5t desse femti tenarane dine vera dyrt i dine augo!"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 14,
            "name": "2 Kings 1:14",
            "text": "Du veit at eld for ned fr\u00e5 himmelen og \u00f8ydde b\u00e5e dei fyrre f\u00f8rarane og deira femtimanns-tropp. Haldt no mitt liv dyrt!\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 15,
            "name": "2 Kings 1:15",
            "text": "D\u00e5 sagde Herrens engel til Elia: \u00abGakk med honom! Ver ikkje r\u00e6dd for honom!\u00bb So stod han upp og gjekk med honom til kongen."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 16,
            "name": "2 Kings 1:16",
            "text": "Og sagde til honom: \u00abSo segjer Herren: \u00abAv di du gjorde av stad ei sendeferd til \u00e5 fretta Ekronguden Ba\u2019al-Zebub - nett som det ingen Gud vore i Israel til \u00e5 spyrja um det - difor skal du ikkje koma upp or sengi du er lagd i; du skal d\u00f8y!\u00bb\u00bb"
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 17,
            "name": "2 Kings 1:17",
            "text": "Og han d\u00f8ydde so som Herren tala ved Elia. Og Joram vart konge etter honom; for han hadde ingen son. Dette hende i andre styrings\u00e5ret \u00e5t Juda-kongen Joram Josafatsson."
        },
        {
            "chapter": 1,
            "verse": 18,
            "name": "2 Kings 1:18",
            "text": "Det som elles er \u00e5 fortelja um Ahazja, det han gjorde, det er uppskrive i kr\u00f8nikeboki \u00e5t Israels-kongarne. "
        }
    ]
}